Hopp til innhold

Ei stolt dronning fekk sjå Astrup i London

LONDON (NRK): – Vi har veldig mange kunstnarar som ikkje har fått den merksemda dei fortener, og dette er ein av dei, sa dronning Sonja då ho fekk sjå Astrup-utstillinga i London.

Dronning Sonja og Kurator Maryanne Stevens

OMVISNING: Kulturminister Linda Hofstad Helleland (t.v.) følgjer med når kurator Maryanne Stevens orienterer H.M. Dronning Sonja om arbeidet med utstillinga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Onsdag vart utstillinga opna for ei lukka gruppe, og blant dei var sjølvaste dronning Sonja.

Ho har sjølv vitja Astruptunet i Jølster, der kunstnaren Nikolai Astrup budde, og det var stor stas for ho å sjå kunsten henge på veggane i det verdskjende Dulwich Picture Gallery i London.

Også heimbygda Jølster blir presentert med video, tekst og foto under utstillinga.

– Eg har alltid vore fascinert av han. Det er heilt klart spennande å få bringe ut noko som ein sjølv synest om. Å få andre til å verdsetje noko som ein er glad i sjølv er alltid morosamt, sa dronninga.

– Viktig å få han ut i verda

Dronning Sonja meiner Astrup er ein av dei norske kunstnarane som ikkje har fått merksemda dei fortener. Ho skildrar han som ein folkekjær og god målar som alle er glade i.

– Det er viktig å få han og andre norske kunstnarar ut i verda, slik at folk i utlandet får auga opp for at vi har mykje i Norge. Då får ein også merksemd rundt norske kunstnarar, også samtidskunst, sa dronninga.

Også kulturminister Linda Hofstad Helleland var til stades under dagens opning.

– Eg som kulturminister har tru på at dette vil bidra til at vi kan få vist fram veldig mykje anna av det som vi har av kunst og kultur, så dette er ein veldig stor dag, seier ho.

Dronninga på Astrup-utstilling i London
Foto: Oddleif Løset / NRK

Viser verk som ikkje er sett på lang tid

Museumskurator på Dulwich, Maryanne Stevens uttala tidlegare at museumsleiinga har gått gjennom store mengder av kunsten til Astrup, for det kunne ikkje vere eitt einaste dårleg bilete dersom kunsten skulle stillast ut på museet i London.

I det vesle og intime museet er det ikkje plass til alle verka. Dei største måleria blir først å sjå i utstillinga som kjem til Tyskland seinare. Men det er stilt ut svært mange verk som mange ikkje har sett, nettopp fordi dei har vore i privat eige.

– Takka vere ein spesiell person fann vi fram til mange private samlingar, så utstillinga vil vise verk som ikkje er vist på lang tid, seier Stevens.

Håpar nordmenn kjem til London

Og personen, eller rettare sagt personane, ho siktar til er truleg Jon Christian og Signe Brynildsen. Etter fleire år med innsamling av Astrup-verk selde dei så å seie alle til Sparebankstiftelsen DNB i 2005.

Signe og Jon Christian Brynhildsen

STOLTE: Signe og Jon Christian Brynildsen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er nesten 30 år sidan vi begynte med den ambisiøse planen om å forsøke å berge Astrup sin kunst for Norge. Og vi lukkast over all forventning med å skape ei stor og flott samling, særleg då vi oppdaga at det beste av Astrup ikkje var på musea, men i privat eige. Og mange ønskte å bidra til at vi fekk ei kjernesamling i Norge, fortel Jon Christian.

Medan dei heile vegen drøymde om ei internasjonal lansering, hadde dei til slutt samla 1100 bilete. Det er to stolte personar som no har sett utstillinga i London. Og dei håpar fleire vil gjere det same.

– Vi håpar alle i Jølster kjenner si besøkingstid og kjem til London i løpet av våren for å sjå, seier Signe.

Fredag opnar utstillinga for alle.

Astrup-utstilling i London

LITE OG INTIMT: Museet i London er ikkje stort, så dei største av bileta er spart til seinare utstillingar.

Foto: Oddleif Løset / NRK