NRK Meny
Normal

Ei natt, ei gate – tre innbrot

Tre huseigarar i Slåttebakkane i Førde har natt til søndag hatt ubedne gjester på besøk. – Det er konstatert at gjenstandar er fjerna, opplyser politiet.

Slåttebakkane

SAME GATE: Dei tre husa er i same gate i Slåttebakkane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei to første innbrota vart oppdaga like før klokka 13. Det siste like før klokka 20.

Det var ikkje folk i nokon av husa då innbrota skjedde. Politiet ynskjer tips frå publikum som kan ha sett eller høyrt noko.

– Innbrota har skjedd i same gate, seier operasjonsleiar Nils Erik Eggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ved dei to første innbrota har gjerningsmannen, eller mennene, teke seg inn ved å bryte opp dør og vindauge. Her er det uklart kva som er stole.

– Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar, opplyser politiet.

I den siste bustaden som i natt har hatt ubedne gjester, er det derimot konstatert at ting er fjerna. Ein har heller ikkje her full oversikt endå.

– Innbrota er truleg gjort i løpet av natt til søndag, seier Eggen.

Publikum vert oppmoda om å ringe 02800 om dei har tips i sakene.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser