Hopp til innhold

Ei kvinne til sjukehus etter å ha blitt råka av steinras

Kvinna var medviten, men hadde fått ein skade i hofta. Ambulansehelikopter tok henne med til sjukehus.

Hoddevik på Stadlandet.

ARKIV: Ei utanlandsk kvinne vart treft av stein medan ho var på tur o Moskleiva i Hoddevik på Stadtlandet. Kvinna er medviten, men kjem seg ikkje ut på eiga hand.

Foto: NRK

Raset gjekk i ettermiddag i Moskleiva i Hoddevik, melder Politiet på Twitter.

Ei svensk kvinne vart råka av steinane frå raset, medan den andre personen i følget kom frå raset utan skadar.

Kvinna skal vera medviten, og er ikkje fastklemd i raset. Ho skal ha fått ein skade i hoftepartiet, og treng hjelp til å kome seg ut av området.

– Kvinna er ved godt mot, men byrjar å bli nedkjølt, seier Kai Henning Myklebust ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Kvinna er no sendt til Førde sentralsjukehus med Sea King-helikopter.

kvinne teke av ras

Blir redda ut

– Politiet er på staden, og sender eit lag med bakkemannskap opp der kvinna ligg. Dei kan sjå den skadde i fjellsida, seier Kai Henning Myklebust på politiet sin operasjonssentral i Florø.

Også mannskap frå Selje Røde Kors er på veg for å hjelpe politiet i redningsaksjonen. Sea King-helikopter er også på staden, men vanskelege vêrtilhøve gjer at det kan ta seg fram aleine.

– Det er litt tåke som kjem og går, så bakkemannskap skal ta den skadde ut av området, seier Myklebust.

Det er også ambulanse og lege på staden.

Melde frå sjølv om ulukka

Det var turfølget på to som sjølv ringde og melde ifrå om ulukka i ettermiddag.

– Ho har fått ein stein i hofta, og melde om at ho treng hjelp til å kome seg ut av området, seier politiet.

Raset gjekk i eit ganske bratt område. Det går ein sti opp eit skar til fjellet, og ruta er ein populær turski for besøkande i Hoddevika.

– Det er relativt bratt terreng, med ein del lausmannssar og stein i området, seier politiet.

Laster Twitter-innhold