Hopp til innhold

Ei jul utan snø får skisentera til å blø

Den snøfattige vinteren har gitt skisentera ein marerittstart på sesongen, samstundes strøymer folk til badeanlegga.

Jølster skisenter

RIPER I SKIA: Det er eit lite stykke unna å vera silkeføre i den nedste delen av Jølster skisenter.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Det er ingen hemmelegheit at sesongen så langt har vore stussleg, seier Per Odd Grevsnes, dagleg leiar i Sogndal skisenter.

Mange av skianlegga på Vestlandet har fått ein trå start på sesongen. Romjula er ei av dei viktigaste vekene for skisentera, men lite snø og varmegrader har gjort livet surt for dei som vil i skibakken. Og ikkje minst surt for dei som treng snø for å tena pengar.

Per Odd Grevsnes

HÅPAR PÅ SNØ: Per Odd Grevsnes er dagleg leiar i Sogndal skisenter. (arkivbilete)

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Me kunne truleg hatt ein million kroner meir i inntekt om me hadde hatt alle heisane opne i romjula. Dette føyer seg inn i rekkene av veldig dårlege sesongar for Sogndal skisenter når det kjem til oppstart, seier Grevsnes.

– Det er fortvilande, men inga krise. Ein god sesong i fjor gav oss økonomisk armslag i år, held han fram.

Sogndal skisenter Hodlekve 7. januar 2019

SNØFATTIG I SOGNDALSDALEN: Hodlekvetrekket i Sogndal skisenter har hatt ope éin dag denne vinteren. Dei andre heisane i anlegget har ikkje vore i drift.

Foto: Jo Marius Bøyum / Sogndal skisenter

Langt under snø-snittet

Ei oversikt frå fnugg.no (ekstern lenkje), som har førerapportar frå dei fleste skisentera i landet, syner at du ikkje er så mange valmoglegheiter om du vil ha preparert snø under skia på vestlandet. Berre eit fåtal skisenter har alle heisane sine opne, dei aller fleste er heilt stengt eller har berre nokre få heisar som går.

I store delar av Noreg er det langt mindre snø enn gjennomsnittleg, syner målingar frå Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) (ekstern lenkje).

Sogndal skisenter opna det eine barnetrekket mot slutten av romjula. Førre torsdag opna dei éin heis, men det vart med den eine dagen. Utanom det har ikkje dei store heisane vore i drift denne sesongen.

Men den eines død er den andres brød, som ordtaket seier. Mange av dei som ville brukt helgedagane i skibakken, har heller funne vegen til det våte, oppvarma element.

Badeglede

Lustrabadet

DOBLA TALET FRÅ I 2017: Lustrabadet hadde nesten dobbelt så mange innom romjula 2018 som romjula 2017. (arkivbilete)

Foto: Anne Siri Bentsen / Privat

– Me hadde 1467 personar innom mellom den 26. og 30. desember. Det er besøkstal me er veldig nøgde med, seier Siv Merete Marås, teknisk leiar ved Lustrabadet i Gaupne.

Til samanlikning hadde dei 807 personar innom i fjor dei same dagane. Også i bassenget i Trivselshagen på Sandane har dei merka at vêret gjer at fleire besøker bassenget.

Optimistiske

I Jølster skisenter i Sunnfjord har dei hatt nokre få opningsdagar, men mildvêret dei siste dagane tærer på den kunstsnøen dei har produsert.

– Det er tragisk. Me hadde 35 centimeter med kunstsnø, og det minkar mykje. Utanfor løypene er det faktisk ikkje snø. Me treng hjelp frå oven, seier Even Hole, dagleg leiar i Jølster skisenter.

Men både han og Grevsnes i Sogndal er optimistar. Vêrmeldinga syner litt snø og minusgrader i dagane som kjem.

– Me er klare til å utnytta vindauget med bra vêr, dersom det kjem, seier Hole.

Even Hole på Jølster skisenter

KLAR OM SJANSEN BYR SEG: Even Hole og dei andre på Jølster skisenter er klare til å laga snø og trakka løyper, om vêret gir dei sjansen. (arkivbilete)

Foto: Elise Kvien / NRK