Meteoritten Svartekari. Foto: Inge Bryhni
Det hittil siste funnet var meteoritten ”Svartekari”, som vart funnen i Gloppen kommune i 2001. Denne skal vere med på opninga av meteorittutstillinga på Nordfjord folkemuseum neste veke.
Ein meteoritt manglar
Men Elen Roaldset, som er museumsdirektør ved Naturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo, seier det er framleis ein meteoritt dei manglar. Og han er truleg òg å finne i Sogn og fjordane.
- Vi er veldig spente på om meteoritten enno finst, forklarar museums-direktøren. - Fordi han kan ha brunne opp eller sprukke i fleirtals bitar før han trefte jorda.
Ei eldkule på himmelen
Det var 8. mai 1960 at det frå store delar av Sør-Noreg vart sett ei eldkule med lang ”hale” på himmelen. På delar av Nord-Vestlandet kunne ein høyre eksplosjonsarta lydar. Eldkula var ein meteoritt som gløda då han kom inn i Jorda si atmosfære. Denne meteoritten er enno ikkje funnen, men alle kjente observasjonar er nå systematisert og alt tyder på at meteoritten må ha falle ned i Nordfjordområdet.
Meteoren etterlet seg eit lysspor på himmelen. Teikningar: Pål Sundhell