Hopp til innhold

Ei heil bygd mørklagd - leitar etter feil på straumnettet

Heile Kaupanger manglar no straum. Straumen forsvann like etter klokka 16, og Sognekraft jobbar på spreng for å finne feilen.

Kaupanger

– Vi har folk på veg. Men det er svært krevjande forhold. Det snøar tett, og det har komme svært mykje snø i området. Vi har grunn til å tru at det er det som er årsaka til straumbrotet, seier nettsjef i Sognekraft, Harald Stadheim.

SISTE: Mykje snø på leidningane har ført til at ein tråd på høgspentlinja er avsliten over riksvegen til Manhiller. Linja må skøytast og utstyr må hentast i Sogndal. Vegen må stengjast når ny leidning må strekkast over vegen. Sognekraft håpar straumen kjem att i løpet av kvelden.

Stadheim torer ikkje å seie nøyaktig kor mange som er utan straum, men NRK har vore i kontakt med folk som stadfestar at Amla-området og byggjefeltet på Kaupanger er mørklagde.

– Det har eg ikkje tal på. Men så vidt vi veit, er heile Kaupanger utan straum. Vi håpar vi finn feilen raskt, seier Stadheim.

Jobbar så raskt dei kan

Men det er mange trafoar som skal sjekkast, og tilhøva gjer at det tek tid å ta seg fram dit feilen kan vere.

– Det er uråd å seie kor lang tid det vil ta, men vi jobbar så raskt som vi kan, seier Stadheim.

Han ber folk halde seg oppdatert på Sognekraft si facebook-side, som vert løpande oppdatert.

Også i Balestrand har dei vore straumlause i ettermiddag, men denne feilen har ein no kontroll på.

– Dei måtte kople om litt fordi dei fann ein feil på straumforsyninga mellom Leikanger og Balestrand, seier Stadheim.

Snøen tyngjer linjene

Han legg ikkje skjul på at snøvêret den siste tida har laga mykje krøll for straumleverandøren. Mellom anna på Menes, i Fjærland, mellom Vik og Arnafjord, på Leikanger og i Fresvik har dei opplevd straumutfall siste veka.

– Snøen tyngjer linjene, men også tre, som normalt sett ikkje er i nærleiken av linja. Når tre, eller snø, tyngjer linjene ned, så vert fibrane trekte ut. Viss snøvêret held fram, må vi vere budde på meir utfordringar, seier Stadheim.