Rune Larsen
Det seier anestesi-lege Rune Larsen, som i dag er lektor ved sjukepleiehøgskulen i fylket. Larsen meiner kirurgane nok kan utføre sjølve inngrepet, men spør kven som skal ta alle dei vanskeleg vurderingane i samband med keisarsnittet. Løysinga i Lærdal strir mot målsettinga om eit tryggare og betre fødselstilbod, meiner Larsen.
Ikkje uforsvarleg, seier Pål Øian
Opplegget for døgnberedskap ved ei ny fødestove ved Lærdal sjukehus er ikkje fagleg uforsvarleg. Det hevdar rådgjevar for helseminsteren, professor og overlege Pål Øian.
Dermed avviser han kritikken frå lege Rune Larsen som hevdar at statsråden har velsigna eit opplegg som ikkje held mål. Pål Øian meiner i motsetnad til Larsen det er forsvarleg at kirurgane føretek keisarsnitt ved fødestova.