Ei bygd i djup sorg

KJØLSDALEN (NRK): – Det er ei lita bygd som har omsorg for kvarandre, og som er glade i kvarandre. Dette går inn på heile Kjølsdalen krins, seier Oddrun Erviksæter i Kjølsdalen Sanitetsforeining.

Flagget på halv stong ved kyrkja i Kjølsdalen

OPNAR KYRKJA: Kjølsdalen kyrkje blir open for dei som treng nokon å snakke med, etter den tragiske trafikkulykka der to kvinner omkom.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tende lys og blomar vitnar fredag om den tragiske ulukka på gangvegen langs riksveg 15 mellom Måløy og Nordfjordeid. Ved kyrkja heng flagget på halv stong.

Ein mann i 50-åra er sikta for aktlaust bildrap etter at bilen hans køyrde av vegen og trefte veninnene Anne Elise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal (57) som gjekk kveldstur.

Alfred Bjørlo på ulukkesstaden i Kjølsdalen

KRISESTAB: Ordførar Alfred Bjørlo (V) seier kommunen gjer det dei kan for å hjelpe folk i krise i bygda Kjølsdalen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det gjer utruleg sterkt inntrykk å sjå dette på nært hald på denne måten. Det er ei ufatteleg tragedie, og det er uråd å førestille seg korleis dette er å få tett på, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Det viktigaste er å stille og vere til stades for folk. Vi hadde det psykososiale teamet med helsefagleg personell, men det viktigaste i går var ei viktig og brei mobilisering. Ikkje berre av kommunen sine folk, men av bygdefolk, vener, naboar og sanitetsforeininga som gjorde ein fantastisk innsats utover natta, legg Bjørlo til.

Lys på ulykkesstad, Kjølsdalen i Eid

ULYKKESSTADEN: Lys er kveikte på ulykkesstaden til minne om dei to omkomne kvinnene.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Varme og omsorg

Oddrun Erviksæter er kontaktperson for Kjølsdalen Sanitetsforeining. I løpet av berre nokre minuttar fekk dei opna dørene til skulen og rigga til ein samlingsstad både for bygdefolket og hjelpemannskapa.

Ragnhild Bjørlo (t.v.) og Oddrun Erviksæter (t.h.) i Kjølsdalen Sanitetsforeining

SANITETSKVINNENE: Ragnhild Bjørlo og Oddrun Erkviksæter er to av sanitetskvinnene som stiller opp for eit bygdefolk i sorg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er alltid godt å samlast. Det er det, seier ho. Vi stiller opp med mat og drikke.

Ragnhild Bjørlo er leiar for Sanitetskvinnenen sin beredskap i Sogn og Fjordane. I fylket er det 300 kvinner som kan rykke ut når det skjer dramatiske hendingar.

– Det høyrest kanskje rart ut, men når folk er i naud er varm drikke viktig. Og alle vi som er med har teieplikt, vi kan sitte å ta oss av folk. Det er heldigvis første gong vi har måtte rykke ut i Eid kommune.

Fredag ettermiddag er det minnestund i Kjølsdalen kyrkje. Der vil bygdefolket, som er i djup sorg, samlast for å minnast dei to omkomne sambygdingane Anne Lise Sætre og Marit Johanne Røed Sundal.