Det er nok overvekt av bokmålsbrukarar i landet vårt.
To fylke med nynorsk
Det er berre Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som har overvekt av nynorskbrukarar. Resten av fylka har flest bokmålsbrukarar. Og i Oslo er det svært få. Der er det berre éi av 54.806 elevar som brukar nynorsk.
I 2002 var det 46 nynorskbrukarar ved Oslo-skulane.
Ei einaste ei
Men i år er det altså berre ei jente som har valgt å bruke nynorsk som si målform viser tal frå Statistisk sentralbyrå.
Ho går på Kastellet skule i bydelen Nordstrand i Oslo. Åttandeklassingen kjem opprinneleg frå Russland, men budde på Vestlandet før ho flytta til Oslo.
Difor har ho nynorsk som målform, opplyser skulen hennar til ABC nyheter.
Ikkje ein einaste
I Østfold, Akershus, Hedmark og Finnmark er det ingen elevar som har valgt nynorsk som målform, skriv Kommunal rapport.
I 2006 var det 15 elevar som ville ha nynorsk som målform i Oslo.
Krympar og krympar
I skuleåret 2009-2010 har 13 prosent av alle elevane i grunnskulen nynorsk som målform. Dei siste ti åra har talet på nynorskbrukarar minka med 2 prosentpoeng.