NRK Meny
Normal

Egla til bråk på russetreff – vart viste vekk

Fleire personar vart i natt viste vekk frå eit russetreff på Breim i Gloppen.

I mange år har det vore tradisjon for russ frå heile fylket å samle seg på Breim i løpet av russetida. Årets treff fann stad natt til laurdag, og ifølgje politiet gjekk det føre seg utan dei store hendingane.

Ifølgje politiet fekk til saman 24 ungdomar behandling av Røde Kors.

– Det er ikkje opplyst om kva skader det er, men det er ikkje noko alvorleg, får NRK opplyst frå operasjonsleiar Per Rimmen ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

I løpet av natta fekk fleire av dei feststemte deltakarane på russetreffet marsjordre frå politiet.

– Dette var uromoment som var der. Dei hadde fått fleire sjansar etter at dei gjekk og egla og var til plage for andre. Då begeret var fullt, fekk dei beskjed om å ta beina fatt, seier Rimmen.

Han legg til at politiet ikkje kjem til å opprette saker, og håpar ungdomane tek til seg det til neste gong.

– Det var i grenseland, så dei som var der får ta det til seg. For det er ikkje sikker det blir slik neste gong.

Politiet i Sogndal måtte like etter klokka 00.30 natt til i dag ta seg hand om ein ung mann etter at han lagde bråk ved ein skjenkestad. Vedkommande vart køyrt heim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå