EFTA–dom gir nytt håp for vindmøllepark på Lutelandet

Ei avgjerd i den europeiske EFTA-domstolen gjer at Lutelandet vindpark nærmar seg realisering.

Lutelandet-plan

VINDMØLLER: Slik er planen at det skal sjå ut på Lutelandet vindpark når den er ferdig utbygd, men for at det skal bli realisert treng dei ei kraftlinje til 75 millionar kroner.

Foto: Multikonsult AS

Ein ti år gamal avtale bind oljeselskapet Engie til å finansiere kraftlinje til Lutelandet med 75 millionar. Selskapet har på si side stilt spørsmål ved om avtala strir med EU-reglar, noko EFTA no seier det ikkje gjer. Det betyr nytt håp for planane om ein vindmøllepark på Lutelandet.

– Dette er veldig gledeleg, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

Ti år gammal avtale

Statoil og Sogn og Fjordane fylkeskommune inngjekk i 2008 ein avtale om at oljeselskapet skulle finansiere ei kraftlinje til Lutelandet. Seinare har det franske oljeselskapet Engie tatt over Statoil si rolle i avtala.

Avtala vart inngått som eit kompromiss etter at industrifeltet på Lutelandet tapte kampen om å forsyne oljefeltet Gjøa. I staden skulle industrien på Lutelandet få ei kraftlinje, som oljeselskapet skulle betale.

Men Engie har ikkje villa betale dette, då dei meiner avtala strir med EU-reglar om statsstøtte. Etter fleire møter gjekk saka til EFTA-domstolen, som no har dei avgjort at bygging av kraftlinje ikkje er å karakterisere som statsstøtte.

Dårleg tid

Jenny Følling

NØGD: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), er glad for at det no ser ut til at pengane til kraftlinja kjem.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Den konflikten har sett heile utbygginga av vindparken på vent, men no ser det ut til at den er over og at Engie betalar 75 millionar kroner for kraftlinja.

– Kraftlinja er heilt avgjerande for at vindparken kan bli realisert, seier Følling.

Engie seier at dei no skal betala, men at advokatane deira først skal sjå på avgjerda frå EFTA.

– Vi har forplikta oss til å etterleva avtalen, men i den samanheng er det naturleg at våre juristar ser på det. Det må også sikrast at fylkeskommunen og utbyggar oppfyller sine vilkår i avtalen for å få støtte, seier Liv Jannie Omdal, informasjonsansvarleg i Engie.

Styreleiar i Lutelandet energipark, Stig Svalheim, ser fram til å kome i gang med arbeidet. For dei har dårleg tid.

– Å bygga opp vindparken vil ta om lag eitt år, men det vil ta lengre tid å byggja tre mil med kraftlinje, seier Svalheim.

For vindkraftanlegget må vera klart innan utgangen av 2020. Då går støtteordningane med grøne sertifikat ut og skal dei nyte godt av den er tida knapp.

Stig Svalheim, lutelandet vindkraft

PÅ PLASS: Stig Svalheim i Lutelandet energipark håpar dei har vindmølleparken på plass i godt tid før 2021.

Foto: Privat