Måndag stadfesta EFTA-domstolen at reisetida skal reknast som ein del av arbeidet, uansett kor lite ein får gjort på vegen, når oppdraget er utanfor den vanlege arbeidsstaden.
– Vi er sjølvsagt glade for ein veldig tydeleg og velgrunna uttale frå EFTA-domstolen. Uttalen er i tråd med våre argument, slik vi har presentert dei i tingretten, lagmannsretten og no i EFTA-domstolen, seier mannen sin advokat, Merete Furesund.
På spørsmål frå Høgsterett har domstolen sett nærare på saka til politimannen som til vanleg arbeidde ved Gaular lensmannskontor i Sogn og Fjordane.
Mannen var i tillegg tilknytt utrykkingseininga i tidlegare Sogn og Fjordane politidistrikt. Dette er ei eining med spesielt kvalifiserte tenestemenn, som mellom anna deltek i væpna aksjonar og eskorteoppdrag for prominente gjester.
Saka domstolen tok stilling til gjeld tre tilfelle i 2013 der mannen vart send ut på oppdrag andre stader i regionen, men ikkje fekk reisetida godkjent som arbeidstid.
- Eskorteoppdrag for helseministeren i Volda
- Væpna aksjon i samband med ei narkotiksak i Sogn
- Eskorteoppdrag for statsministeren i Årdal
Høgsterett bad i fjor EFTA-domstolen om hjelp til å tolke EØS-lovgivinga på feltet.
No har EFTA-domstolen slått fast at reisetid er å rekne som arbeidstid når arbeidsgjevar pålegg ein arbeidstakar å utføre oppgåver utanfor den faste eller vanlege arbeidsstaden.
Det har ingenting å seie kor avslappande eller anstrengande reisa er. Så lenge reisa er nødvendig for å få utført oppdraget, er den tilsette per definisjon i arbeid.
Det har heller ikkje noko å seie kor ofte den tilsette blir sendt ut på oppdrag utanfor den vanlege arbeidsstaden.
– No vil Høgsterett beramme hovudforhandling i saka, og vi ventar at saka kjem opp på nyttår, seier Furesund. Av respekt for Høgsterett si handsaming ynskjer ikkje advokaten å kommentere kva betydning avgjerda til EFTA-domstolen bør få for ankesaka.