Hopp til innhold

Brev skaper frykt for tap av matjord

Breim bondelag fryktar ny E39 på Byrkjelo vil koste enorme mengder matjord. No er dei redde kommunen har låst seg til ein trasé.

Bergheimsvatnet og Byrkjelo frå Eggenipa

LANDBRUKSBYGD: Her ser ein Bergheimsvatnet og Byrkjelo, frå Eggenipa. Breim bondelag vil at Utvikstunnelen startar ved Bergheimsvatnet, for å ta lite dyrka jord.

Foto: Obin R. Aabrekk

Midt i den grøne landbruksbygda skal planleggarane finne ny trasé for E39 gjennom Byrkjelo, og vidare i tunnel under Utvikfjellet. Dette kan sette prinsippet om vern av dyrka marka på kraftige prøver.

Berre europavegkrysset mot Sandane kan åleine krevje 50 mål med jord. Kostnaden ved å spare landbruksjorda ved å bygge tunnelar inn mot Byrkjelo, kan også bli formidabel.

Leiar i Breim bondelag, Geir Thomas Myklebust, vil ha vegen så langt vekk frå Byrkjelo sentrum som råd, og føreslår tunnelinnslag langt aust i bygda.

– Saka er veldig viktig, for dette ligg faktisk i ein av dei største landbrukskommunane i fylket, i kanskje den største jordbruksbygda, seier Myklebust, som vil at Utvikstunnelen startar ved Bergheimsvatnet to kilometer aust for Byrkjelo mot Skei, for å ta lite dyrka jord.

Redde kommunen har låst seg til trasé

Men det er langt frå sikkert at bøndene får gjennomslag. I eit brev Gloppen kommune har sendt til Statens vegvesen, står det at E39 må gå nedanom Byrkjelo sentrum på sørsida og at den skal møte vegen frå Sandane i eit kryss vest for sentrum.

Brevet, som er sendt lenge før planprosessane har kome skikkeleg i gang, har vekt reaksjonar. Ikkje berre frå Bondelaget, men også frå kommunestyrerepresentant Kent Øystein Hjelle (Sp).

– Først set Gloppen kommune ned eit lokalt arbeidsutval som skal jobbe med saka og kome med innspel, men rett etterpå sender dei eit brev til vegvesenet som dei fleste medlemmane i arbeidsutvalet må lese om i avisa. Det er svært uheldig politikk, seier Hjelle.

Kommunen beklagar

Rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure

RÅDMANN: Jan Kåre Fure.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Rådmann Jan Kåre Fure i Gloppen beklagar at brevet er blitt oppfatta som eit innspel om kor i Gloppen vil vegen skal gå.

– Det var sjølvsagt ikkje meininga. Brevet var berre eit førebels innspel til oppstarten av prosessen. Vi har ikkje på nokon måte levert inn ultimatum eller klare synspunkt på korleis dette skal vere, seier han.

Ei eiga arbeidsgruppe skal no jobbe med trasévalet. Ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) seier rett ut at E39 kan bli betydeleg dyrare, fordi ein skal skåne jordbruket i Breim. Men han meiner storsamfunnet må vere villig til å gå for vegløysingar som vernar matjorda, sjølv om dei skulle koste meir.

Leidulf Gloppestad

ORDFØRAR: Leidulv Gloppestad.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Ja, sjølvsagt. Det blir for dumt og snevert å sjå på slike løysingar i reint kost-nytte perspektiv på kva som er enklast og billegast å få til. Når vi skal byggje slike vegar, må vi og sjå nytteeffekten for folk som skal bu i området vegen går gjennom, så dei kan bruke han på best mogleg måte, seier ordføraren