Hopp til innhold

E39 opna att etter trafikkuhell – to til legevakta

To bilar var involvert i ei trafikkulukka på E39 ved Bruland i Førde natt til fredag.

Ulykke

På Twitter melder Alarmsentralen til Helse Førde at to personar har blitt sendt på legevakta etter uhellet. Det var ein person i kvar bil.

– Ein bil med hengar og ein personbil har kollidert. Det er to personar i 50-åra som er tatt med til legevakta for sjekk og vi veit ikkje heilt årsaka til ulykka. Vegen vert no rydda og opnar om ikkje så lenge, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt i Florø.