Hopp til innhold

Tilhengar med griseslakt låg velta på E39

E39 var lenge stengd ved Helvika i Høyanger etter at tilhengaren til ein trailer velta.

Trailervelt

TRAILERVELT: Hengaren på eit vogntog lasta med griseslakt har velta på E39 mellom Lavik og Norevik i Høyanger.

Foto: Erling Waage

SISTE kl. 20.23: Vegen er open for trafikk, melder Statens vegvesen.

Tilhengaren var lasta med slakt frå gris og velta i ein sving tysdag ettermiddag.

– Det er ikkje snakk om personskade, men tilhengaren ligg på tvers i vegbane, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka.

– Det er meldt om dieselsøl frå eit aggregat bilen, men det skal ikkje vere fare for brann, seier Kolltveit.

Det blir no jobba med berging av tilhengaren til traileren.

– Dette får konsekvensar for dei som kjem frå eller skal til ferja. Her må ein nok vere budde å vente ei stund.

Det er ope for trafikk i eine køyrefeltet, melder Statens vegvesen.

Trailervelt i Høyanger

STENGD: Fram til bergingsmannskap får fjerna hengaren er E39 mellom Lavik Og Norevik i Høyanger heitl stengd.

Foto: Erling Waage