Hopp til innhold

Slik sprengde dei vekk steinen på E39

GAULAR (NRK): Vegvesenet er ferdige med å rydde oppe etter at ein stein på tre gonger fem meter har sperra eine køyrebana ved Myrmel mellom Sande og Førde.

Vegvesenet er ferdige mëd å rydde oppe etter at ein stein på tre gonger fem meter har sperra eine køyrebana ved Myrmel mellom Sande og Førde.

HEFTIG SMELL: Entreprenøren sørga for at lite blei att av den store steinen som rasa ut på E39.

– Vegen må nok stengast heilt av når vi skal fjerne steinen, for vi må sprenge den opp i mindre bitar for å få fjerna den, sa Jan Erikstad ved Statens vegvesen før dei tok til med arbeidet.

Det var ved midnatt i går at det raste mykje stein ned i vegen ved Myrmel mellom Sande og Førde. Erikstad kan endå ikkje seie noko om kor tid dei kjem i gang med oppryddingsarbeidet.

– Vi skal få gjort det i løpet av dagen, men meir kan eg ikkje seie endå.

– Korleis er trafikkflyten der no?

– Steinen sperrar eine vegbana, men våre meldingar tyder på at trafikken flyt bra elles. Under oppryddingsarbeidet blir det likevel full stopp som sagt, seier Erikstad.

Myrmel

– Kan ikkje hugse at det har rasa der

Då NRK var på staden flaut trafikken fint på vegen, sjølv om bilar i retning Førde måtte byte køyrefelt for å passere den store steinen.

Ove Myrmel bur på ein gard ikkje langt frå der raset har gått, og kjenner godt til vegen og området.

– Eg har aldri høyrt om at det har rasa der i området. Det er ikkje noko i terrenget over vegen som tilseier at det skal vere rasfare der, så eg tenkjer at her er det ei heil steinblokk som har losna.