NRK Meny
Normal

E39 opna att etter ras og flaum

E39 ved Oppedal og to fylkesvegar i Ytre Sogn var sperra grunna ras i føremiddag. E39 og Fv 8 er no opna att.

Ras E39 i Gulen

SKAL VURDERAST: Geolog skal flygast inn for å vurdere når E39 mellom Instefjord og Oppedal kan opnast att.

Foto: Helge Skodvin

E39 var stengd mellom Instefjord og Oppedal etter at det gjekk eit steinras på strekninga. Vegen vart opna rundt klokka 13 etter at ein geolog hadde vore på synfaring.

– Vi må inn med geolog for å gjere vurderingar, så dette kjem til å ta noko tid. Faren for nye ras gjer at vi må avvente, sa operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Asbjørn Andersen, til NRK tidlegare i dag.

Opnar att etter raset

ARBEID PÅ STADEN: Vegvesenet arbeider no med å fjerne massane frå staden der raset gjekk på E39 mellom Instefjord og Oppedal.

Foto: NRK

Fare for fleire ras

Fv 8 mellom Hest og Oppedal er no open, medan Fv 1 framleis er stengd mellom Instefjord og Brekke på grunn av ras. For dei som køyrer E39 mellom Hordaland og Sogn og Fjordane er det mogeleg å køyre om via ferjesambandet Rutledal-Rysjedalsvika.

– Vi har fått melding om fleire ras i Gulen. Det er heilt tydeleg at det er fare for fleire nye ras, opplyser lensmann for Gulen, Solund og Masfjorden, Ivar Holmås, til NRK.

Politiet har ikkje fått melding om at nokon personar skal vere råka av rasa.

Mykje nedbør i vente

Årsaka til rasa er truleg store nedbørsmengder i Ytre Sogn dei siste timane. Høge temperaturar og kraftige regnbyger vil setje sitt preg på vêrtilhøva.

– Dette vil jo vare ved, praktisk tala ut heile morgondagen, opplyser vakthavande meterolog Karsten Eitreim til NRK.

Flaumfare

Han varslar og om fare for betydeleg bre- og snøsmelting i høgfjellet, noko som og aukar faren for flaum dei næraste timane og dagane.

– Til dømes i breområda så kan i løpet av 24 timar no få tilført om lag 50 millimeter vatn, og om ein då i tillegg då får nedbør i form av 80 millimeter, så har ein brått 130 millimeter på 24 timar. Då kan det bli ein bra stor flaum i vassdrag som er knytta opp mot breområda, seier Eitreim.

NVE sende ut flaumvarsel for Vestlandet i går, og ventar ein såkalla 3-5 årsflaum, der brevassdraga vil vere mest utsett.

Vegopning på Bergum i Førde kommune