Hopp til innhold

E39 open igjen i Romarheimsdalen

Klokka 19.30 mandag kveld kunne Vegvesenet opna E39 gjennom Romarheimsdalen etter raset som gjekk laurdag.

Romarheimsdalen stengt etter ras.
Foto: Vegar Erstad / NRK

- Vegen er rydda og sikra, og opna for vanleg trafikk igjen klokka 19.30, seier vaktoperatør Stian Rosnes ved Vegtrafikksentralen i Statens Vegvesen.

Sikringsarbeidet var så krevjande at geolog Njål Farestveit i Statens vegvesen lenge var usikker på når den kunne opne.

Les også: Vogntog fast i tunnelen

Les også: Bubilbrann i tunnel

Les også: Stor frustrasjon etter stengt veg

Bil truffe av steinblokk

Raset i Romarheimsdalen gjekk like før klokka seks laurdag kveld. Ein bil vart truffe av ei steinblokk, men ingen vart skadde. Steinen traff bakparten av bilen.

Ein geolog var på rasstaden i helga, og gjer nye undersøkjingar no i føremiddag.

Vanskelege arbeidstilhøve

Raset gjekk 300 meter frå strekninga der det no pågår arbeid med ny tunnel.

- Raset skuldast snøsmelting og dårlege grunnforhold med mykje leire og finmassar, seier geolog Njål Farestveit.

Raset løyste ut ei blokk på ein kubikk, og søndag sprengte folk frå Mesta ned ei blokk på opp mot 25 kubikk.

- Det er vanskeleg grunnforhold og vanskeleg å jobbe i området, difor tek det tid. Vi må stabilisere lausmassane med å byggje opp murar som skal hindre nye ras, seier Farestveit.

Omkøyring

Farestveit seier han kjenner seg sikker på at det ikkje vil komme fleire steinblokker frå fjellsida. Han vil ikkje gå ut med noko endeleg tidspunkt for kor tid vegen vert opna.

- Etter at vi har reinska området, må vi vurdere om det er nødvendig med fleire murar, seier Farestveit.

Reisande til Bergen må køyre skilta omkøyring frå Instefjord mot Sløvåg-Leirvåg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.