Hopp til innhold

Fryktar det kan skje stygge ulukker når som helst på den smale stamvegen

SKEI (NRK): Naboane til den smale vegstrekninga på E39 nord for Skei i Jølster kjenner på ei stadig frykt for alvorlege ulukker. Tysdag kveld vart føraren av ei mobilkran sitjande fastklemd etter ein kollisjon.

Torbjørn Feldt

FRUSTRERT: Torbjørn Feldt er ein av mange naboar til E39 nord for Skei i Jølster som er oppgitt og uroa for tryggleiken langs den smale europavegen.

Foto: Oddleif Løseth / NRK

– Dette er ein kjempedårleg og smal veg. At det her kjem til å kome ei skikkeleg møteulukke ... Det er ikkje lenge til, seier Torbjørn Feldt som bur litt nord for Skei.

Han bur tett opp til E39, hovudvegen mellom Stavanger og Ålesund langs vestlandskysten. Tysdag kveld small det igjen på det smale partiet mellom Skei og Grungen bru.

Hengaren på eit vogntog og hytta på ei mobilkran støytte saman, og føraren av mobilkrana vart sittande fastklemd med ein fot. Mannen var bevisst heile tida, og skal etter det politiet veit ikkje ha fått alvorlege skader.

Feldt seier dei stadig vekk høyrer det smelle oppe på vegen. Året rundt plukkar dei speglar som blir liggande att etter hendingar der køyretøy har kome for nære kvarandre. Folk som går langs vegen må ofte hoppe ut i grøfta for å unngå å bli påkøyrde.

– Berre i vinter har det vore tre store hendingar der naudetatane har blitt kalla ut.

Ingen planar om utbetringar

Firebarnsfaren er blant mange i området som i årevis har kjempa for utbetring. Jølster-ordførar Oddmund Klakegg stadfestar at det har blitt jobba lenge for å få gjort noko med den vel 3,2 kilometer lange strekninga rett nord for Skei.

– Strekninga vart bygd tilbake på 1950-talet, den er veldig smal og har ei lita vegskulder. Det har vore veldig hyppige ulukker her. Det er eit resultat av auka trafikk.

Utbetring av strekninga ligg ikkje inne i Nasjonal transportplan (NTP). For å få plass der må politikarane prioritere den inn, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Finden seier det kan vere aktuelt for dei å gjere såkalla punktutbetringar, men at det då ikkje vil vere snakk om utbetring av heile strekninga.

– Punktutbetringar brukar som regel alltid å avhjelpe situasjonen, men det vil kanskje ikkje skape ei fullgod løysing. Det kan kanskje hjelpe på ulukkesutsette punkt, for å få betre oversikt og gjere det tryggare for trafikantane.

Mobilkran og vogntog i kollisjon på E39

SKADD: Føraren av ei mobilkran vart skadd etter samanstøyten mellom mobilkrana og hengaren på eit møtande vogntog tysdag kveld.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Gjer seg ikkje

Ordførar Klakegg kjem ikkje til å gje seg i kampen om å få gjort noko med strekninga. I neste fireårsperiode av NTP ligg rassikring av Våtedalen inne.

Klakegg håpar at det kan vere mogleg å få inkludert utbetringa av kilometerane nærast Skei i det arbeidet. Uansett er det langt fram i tid.

– Det er godt mogleg det bør gjerast kortsiktige tiltak på dei verste punkta på vegen. Vi er uroa, for her har vore mange ulukker den seinare tida som fort kunne blitt endå skumlare for liv og helse, seier ordføraren.

Feldt håpar det skjer noko så snart som mogleg.

– Slik det er no er det så gale som det går an å få det.