NRK Meny
Normal

Vegen er rydda etter semitrailer stod fast

FØRDE (NRK): Ein semitrailer stod fast på E39 og skapte køar i Førde sentrum. Traileren er no fjerna og vegen er fri.

Bilberging Førde sentrum

STRIPE AV OLJE: Brannvesenet har strøydd noko på som skal absorbere oljesølet.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Midt mellom Askvollkrysset og Førde hotell stod ein semitrailer fast. Den lak olje og brannvesenet kom til staden for å fjerne oljesølet. Bilberging kom til staden og fjerna traileren. Mange bilar kom til og det var lenge trafikkaos i sentrum av Førde.

Laster Twitter-innhold
Oljesøl semitrailer

OLJESØL: Brannvesenet jobba med å få vekk sølet frå motorolja som lak.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Her på E39 er det ein lastebil som står fast rett vest for Førde hotell. Køen står langt oppover Hallbrendslia og den står nesten stille, seier NRK sin reporter, Aleksander Åsnes som var på staden.

trafikkaos

KØ: Mange bilar kom til då semitraileren stod. Det skapte lange køar.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.