E16 stengd i Voss

Det har gått eit steinras mellom Stalheim- og Sivletunnelen i Voss kommune. Vegen er no stengd medan mannskap sjekkar fjellsida for vidare rasfare. Riksveg 13 og Riksveg 7 er omkøyringvegar for store køyretøy. Vegen blir tidlegast opna utpå ettermiddagen.