Hopp til innhold

Vegvesenet: – Rasfaren er betydeleg redusert i Lærdalsdalen

Vegvesenet har no opna att for trafikk på E16 att ved Seltun i Lærdalsdalen. Tre husstandar har vore innesperra ved Gramsgrenda i Lærdalsdalen.

Nils Magne Slinde, Statens Vegvesen

PÅ SYNFARING: Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, Nils Magne Slinde, vurderer no situasjonen til å ha roa seg i Lærdalsdalen.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Vegkaoset langs E16 gjennom Lærdalsdalen held fram. Steinras, flaum og nedbør har gjort det vanskeleg både for dei lokale beredskapsstyresmaktene og Statens Vegvesen.

Set ut lyttepost

Avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, Nils Magne Slinde, var sjølv på synfaring ved rasområdet ved Seltun på E16 no i føremiddag.

– No har vi vurdert situasjonen, og vi har trafikkavvikling forbi der også, med ein lyttepost i rasområdet, slik at vi raskt kan stenge dersom det skulle skje noko i rasområde, seier Slinde til NRK.

Han peikar på at rasfaren er betydeleg mindre enn det den har vore dei siste dagane.

– Det har jo egentlig ikkje kome så mykje stein på sjølve riksvegen. Det er meir rørsler i dalsida over vegen, men vi har sett at det har vore ein viss risiko for at dei steinane som er i rørsle og kan slå inn i køyrebana. Difor har vi halde vegen stengd, seier Slinde.

Var innesperra

I den vesle grenda Gram i Borgund var dei heilt innesperra etter steinsprang. Gardbrukar Gunn Oddny Jøingsli var innesperra og likar slett ikkje situasjonen.

– Då er vi jo skikkeleg innesperra. I går hadde vi jo ein moglegheit for å reise til Gol. Det hadde vi ikkje i dag. Ein får litt klaus, men ein må vel leve med det, seier Jøingsli til NRK.

Frå huset ser ho ned mot Lærdalselva som går flaumstor.

– Det er litt ekkel kjensle, det føles som ein ser ned i ei kokande gryte og så er det veldig mykje steinsprang i elva og det er jo litt ubehageleg. Vi vaknar av steinsprang om natta, fortel bonden på Gram.

Ho driv i tillegg gardsmatutsal og skulle normalt sett no ha hatt mange turistar på tunet.

I går kveld vart E16 sperra av ras ved Seltunstunnelen, og Statens Vegvesen skal no ha manuell dirigering forbi rasstaden.

Stengd lenge

Flaum i Borgund.

STENGD: E16 mellom Borlaugkrysset og Maristova er framleis stengd, og vil truleg vere det i to veker framover.

Foto: Britt Bruflot Gram

E16 er framleis stengd ved Honnung bru mellom Borlaugkrysset og Maristova, og vegen vil truleg ikkje bli opna att før om to veker. Elva har teke med seg grunnmassane under vegen og det må byggjast ein ny mur mellom vegen og elva, før den kan opnast att.

Statens Vegvesen rår folk til å køyre om via Rv. 52 Hemsedalsfjellet, fylkesveg 50 via Aurland - Hol eller fylkesveg 53 Årdal - Tyin.