Hopp til innhold

E16 er opna med dirigering

E16 i Vinjadalen sør for fylkesgrensa er opna att etter at fleire vogntog og kaos stengde vegen. Det har vore dårleg vér- og føreforhold i området. Vegfarande har stått i kø, enkelte av dei i fleire timar. Det er manuell dirigering på staden, men trafikken går seint, blir det opplyst frå Vegtrafikksentralen i Lærdal.