Alvorleg ulukke i Aurland

Ei kvinne omkom i ei trafikkulukke ved Fretheimstunnelen på E16 i Flåm. To andre personar blei sende til sjukehus og legevakt.

Foto: Arne Veum

Foto: Arne Veum

– Personen vart erklært død på staden, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Rebnord.

Totalt var tre bilar og tre personar involverte i ulukka som fann stad om lag 100 meter aust for Fretheimtunnelen ved Flåm i Sogn. Ulukka skjedde i ei 80-sone.

To personar blei sende til sjukehus og legevakt for sjekk.

Pårørande er varsla.

E16 var stengt

Det var klokka 18.38 at politiet fekk melding om ulukka gjennom Alarmsentralen.

– Kriminalteknikarar er kalla ut saman med ulukkesgruppa til Vegvesenet, seier Rebnord.

Som følgje av ulukka var Flenjatunnelen, Fretheimtunnelen og Gudvangatunnelen stengde på E16. Tunnelane opna natt til laurdag.

Fretheimtunnelen
Foto: SKJERMDUMP