Hopp til innhold

E-post starta bråket i Sogndal

Ein intern e-post frå Kolbjørn A. Rydvang, dagleg leiar i Idrettssenteret, starta heile oppstyret som gjorde at Harald Aabrekk ville seie opp som sogndalstrenar.

Sogndal - Strømsgodset

TRUGA: Sogndal-trenar Harald Aabrekk truga før Tromsø-kampen med å seie opp jobben då han vart klar over at arbeidsgjevaren hans jobba med å fjerne Kim Are Jacobsen.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Torsdag 20. oktober herska det fullt kaos på Fosshaugane Campus etter rykte om at trenar Harald Aabrekk hadde sagt opp . Enden på visa var at Sogndal Fotball la seg flate og bad om orsaking .

No viser det seg at ein e-post frå dagleg leiar i Idrettssenteret starta heile oppstyret.

I e-posten går det fram at det vart jobba i kulissane med å fjerne medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen frå stillinga og tilby denne til ein annan person.

– Må ikkje komme ut

I e-posten nærast lovar Kolbjørn Rydvang at to nye fagpersonar skal ta del i eit attraktivt driftstilskot frå Sogndal kommune, skriv Firda. Medan den eine personen skal få jobb i Sogndal Fotball, får den andre tilbod om jobb i det fysiske teamet til Sogndal Fotball/Idrettssenteret.

– Dette er 100 prosent konfidensielle opplysningar som ikkje må komme ut, skriv han.

Ifølgje e-posten skal tilskotet øyremerkjast manuell terapi på Fosshaugane Campus.

(Artikkelen held fram under faksimila)

Oppslaget til Firda onsdag 2. november

FAKSIMILE: Avisa Firda presenterer i dag e-posten som var opptakta til den interne uroa som pregar Sogndal Fotball.

Foto: Faksimile frå Firda

– Ei personalsak

E-posten var sendt til ein person som var tiltenkt jobben som medisinsk koordinator, med kopi til Håvard Flo, Terje Skjeldestad og dagleg leiar Egil Mundal.

Mundal er overfor avisa lite lysten på å svare på spørsmål om e-posten. Han seier at dette er ei personalsak.

– Vi har berre eitt fokus no, og det er 2011, seier Egil Mundal.

Varsla på nettstad

Hovudtrenar Harald Aabrekk, sportsleg leiar Trond Fylling og styreleiar i Sogndal Fotball, Tor Arne Ness, stod ikkje som mottakarar på e-posten.

Jacobsen vart tilsett i 2009 og har hatt stor tillit hos Harald Aabrekk. Jacobsen varsla Aabrekk då han såg på stillinga seie utlyst på nettstaden manuellterapi.no.

– Eg sa ikkje opp jobben min, men eg gav klart uttrykk for at dette gjekk eg ikkje med på. Utover det er dette no ei sak som Sogndal Fotball og eventuelt andre får ordne opp i, seier Aabrekk til avisa.