Hopp til innhold

E-16 opna for trafikk

Europaveg 16 er no opna for trafikk at, etter å ha vore stengd på grunn av ras.

Raset gjekk omlag to kilometer frå Gudvangen.

Vegen vart rydda seint fredag etter at store steinblokker hadde falle ned, men like før vegen skulle opnast høyrde vegarbeidarane buldring i fjellsida.