Totalt kjem prislappen på reparasjon av dei mange øydelagde vegane og bruene på heile 33 millionar kroner for Region Vest.
Belasta heile regionen
Nærare 20 millionar av dette er kostnader for øydeleggingar i Sogn og Fjordane. Og desidert hardast har det gått utover Sogn distrikt, som aleine har kostnader på omlag 17 millionar kroner. Men sjølv om det er her øydeleggingane er størst, vert kostnadene belasta både Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Mindre til vedlikehald
- Dette betyr mindre pengar til det løpande vedlikehaldet av vegane. Og det budsjettet er allereie trongt, seier regionvegsjef Ole Christian Torpp. Statens Vegvesen skal no ta dei store ekstrakostnadane til Region Vest opp med vegdirektoratet og fylkeskommunane.