NRK Meny
Normal

Så dyrt er er det å liggje for nær

Skal du ut i trafikken i dag? Pass på avstanden til bilen framfor deg, alternativet kan vere svært dyrt og farleg.

Hold for kort avstand på E6

VER OBS: Held du kort avstand mellom deg og bilen framom deg kan det straffe deg dyrt.

Foto: Utrykningspolitiet

Du veit mest truleg at du bør ha 3 sekund mellom deg og bilen framom deg, men veit du kor strenge reglane eigentleg er? Og kor dyrt det kan bli for deg? Å køyre for tett med bilen framom deg er skummelt og risikofylt. Ein kan fort ende i kollisjon, men også opp i strafferegisteret.

1. Pass på sekunda

Er det 1–2 sekund mellom deg og bilen framom deg kan du få 5200 kr i bot og tre prikkar på førarkortet. Det er nok til å ende opp i strafferegisteret. Dette gjeld tørr asfalt, normalt trafikkbilete og gode køyreforhold. Er det dårleg vêr eller du har dårlege dekk kan straffa vere endå strengare.

2. Slik kan du miste lappen

Køyrer du med endå kortare avstand er straffa endå hardare. Med 0,3-0,5 sekund mellom deg og bilen framom deg får du 8000 kr i bot og mistar førarkortet i 3–6 månader. Er det så kortare avstand enn 0,29 sekund mellom bilane er straffa heile seks månader utan førarkort og i verste fall opp mot 10 000 kr i bot.

3. Pass på prikkane dine

Endå strengare er det for lastebilar på over 3500 kg og for privatbilar der sjåføren har hatt førarkortet i mindre enn 2 år. Er du ein av dei sistnemnde bør du vere på vakt; straffa er dobbelt så hard for deg og heile seks prikkar på førarkortet. Berre to mindre enn det som skal til for å få inndratt førarkortet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå