Hopp til innhold

Dyrt å gløyme pizza

Ein Nordfjording i 20-åra har godteke 11.500 kroner i bot. Det var i fjor sommar politi og brann rykte ut til det dei trudde var husbrann hos mannen, men som viste seg å vere ein gløymd pizza. Mannen erkjende også å både ha kjøpt og røykt hasj.