Hopp til innhold

Dyrlege opprørt etter å ha fått inn katt med skotskadar

Måndag fekk Flora dyreklinikk inn ein skadd katt. Røntgenbileta syner tydeleg at katten er skoten.

Vinterstorm

SKOTEN: Katten har store smerter i foten, og haltar rundt på tre av beina etter at nokon har skoten den eine foten. (Foto: Dyreklinikken Flora)

– Ein ser tydeleg på røntgenbileta at kula ligg i leddet, og at leddet er knust og øydelagt, fortel Hanne Husabø Kristensen, dyrlege ved Flora dyreklinikk.

Måndag kom katten til klinikken, etter at nokon hadde teke vare på og mata den i nokre dagar. Dei som hadde forbarma seg over katten oppdaga at den var skadd og leverte den til Kristensen og kollegaene for ein sjekk. Synet som møtte dei då røntgenbileta var klare opprørte dyrlegen.

– Eg blir rett og slett skikkeleg sint. Eg trudde vi var komne lenger enn at det var sett på som ok å skyte ein katt. Uansett om det er eit mislukka avlivingsforsøk eller for moro skuld, så er det forkasteleg, seier ho.

Dyrlege Hanne H. Kristensen er opprørt etter at nokon har skote ein katt.

UFORSTÅELEG: Kva som får nokon til å skyte ein katt, har dyrlege Hanne Kristensen vanskeleg for å forstå.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Katten haltar, og klarer berre å gå på tre av føtene, og har tydelege smerter.

Ikkje første gong det skjer

Saka er meld til politiet av klinikken og Dyrebeskyttelsen. Det er ikkje klart kva våpen katten er skoten med, men dyrlegen tippar det er eit finkalibera våpen, kanskje eit salonggevær. Dyrlegen har også vore utfor liknande skadar tidlegare.

– Vi har hatt inne både hund og katt som har vore skotne på før, dessverre, men heldigvis er det sjeldan. Det går nokre år mellom kvar gong, men det er truleg tilfelle som ikkje blir oppdaga også, seier Kristensen.

Målet er at katten kan omplasserast til ein omsorgsfull heim når den er frisk igjen.

– For meg er det heilt uforståeleg at nokon kan kome på ein slik idé. Kattar og alle andre dyr har same oppfatting av smerte som andre, og det er respektlaust å gjere det.