Hopp til innhold

Dyrkar superbær utan kjøpar

LÆRDAL (NRK): Har du høyrt om tindved? Om svaret ditt er nei, så er du ikkje aleine om å no lure.

Tindved

TINDVED: Hippophae rhamnoides veks naturleg i tørr, kalkhaldig jord. I frodige Lærdal gjer dei forsøk med å kultivere planta. Namnet tindved kjem av at den harde veden egnar seg godt som tenner på ei rive.

Foto: Marco Neven

Tindved er ein plante med oransje bær, eller faktisk ei falsk frukt, som veks over heile nordkalotten. I Norge finst ho stort sett berre naturleg kring Trondheimsfjorden, men i Lærdal har dei sidan 2014 forsøkt å avle fram eit heilt plantefelt.

Tindved

DEN SOM VENTAR: Marco Neven måtte vente tre år før han fekk smake bær frå tindveden han dyrkar.

Foto: Åsta Urdal / Nrk
Marco Neven

EVENTYRLYST: Marco Neven er birøktar, lærar og har norges største tindvedfelt. Kva som driv han til å prøve nye ting er han heilt klar på.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Trege superbær

– Det tek tid, seier Marco Neven som eig Norges største tindvedplantefelt.

13 rader av ulike sortar tindved står på geledd utover åtte mål; annan kvar rekke han- og hoplanter. Utan at det har resultert i særleg mykje frukt dei første åra.

– Første året dukka det opp 10 bær, som sonen min åt opp då han luka hagen. Andre året kom der 10 nye, men dei forsvann sporlaust.

Tindved

VITAMINBOMBE: Bæra inneheld like mykje c-vitamin som ei appelsin. I tillegg inneheld den vitamin A, B og E, og den er rik på organiske syrer, garvestoffer, eterisk olje, flavonglykosidet quercetin og mineral.

Foto: Marco Neven / Privat

Dei oransje bæra er spekka med antioksidantar, inneheld meir vitamin-c enn ei appelsin og har ein søtsyrleg smak.

– Det er ein uvanleg smak, og ein må nok venna seg til han. Men når folk har lært å bruka han, har han mykje for seg, seier Kari Sigrun Lysne som har ansvaret for tindvedprosjektet til Lærdal Grønt. Ho foreslår sylte og sirup som bruksområde.

Eksperimentelle lærdølar

Leiaren i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal, fortel at dei stadig prøver ut nye ting.

– Det held motivasjonen oppe hjå bøndene når ein får teste ut nye ting som ikkje finnast i produksjon enno, seier han.

Og denne motivasjonen ser ikkje ut til å gi seg når Neven no smakar sitt første heimeavla tindvedbær.

– Surt! eller. friskt, rapporterer han.

Så er det også ein heil månad att til dei lysegule bæra er oransje og klare til hausting. Per i dag kan det bli eit par hundre kilo, men Neven er usikker på kor mykje svinn det vert i avlinga før september.

Ingen kjøpar

Tindved

SIT GODT: For å få dei modne bæra av planta må greinene kappast av og frysast. Så ristar ein av bæra. Ein omstendeleg prosess med andre ord.

Foto: Marco Neven / Privat

– Ei avling av den storleiken er i grunnen perfekt. Då kan vi reise rundt og freiste potensielle kjøparar med smaksprøver, seier Lysne.

Kjøparar av dei relativt ukjente bæra har dei nemleg ikkje. Prosjektet der fem lærdølar prøver ut planta vart sett i gong i etter initiativ frå Lærum, men no har dei trekt seg ut.

– Vi sette i gang grunna dei gode eigenskapane til bæret. Vi laga god sylte og drikke i laboratoriet på Kaupanger, men vi klarte ikkje å skalere opp produksjonen til vårt marknad, mellom anna grunna den vanskelege haustinga, seier Trine Lerum Hjellhaug som er administrerande direktør i Lerum.

Det uroar ikkje Neven nemneverdig.

– Nei, no står vi fritt til å finne kjøparar sjølv, og dette bæret vil vere spennande for nisjeprodusentar. Kanskje nokre av desse ølbryggande hipsterane vil prøve ein ny smak, eller dyre restaurantar treng noko nytt å toppe rettane sine med?

  • Les også:

Lyst å prøve oppskrifter med tindved? Her får du oppskrifter frå nrk.no/mat: