Dyrkar sin urbane draum på bygda

LÆRDAL (NRK:) I 10 år har Mariell Øyre teke blogglesarane sine frå kafébesøk i verdsmetropolar, til hektisk småbarnsliv i Lærdal. Dei vil ha meir av sistnemnde.

Mariell Øyre pyntar til jul ved Fredag i Lærdal

SISTE FINPUSS: Mariell ser til at detaljane i vindauget er på plass.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Eg lanserte nyleg mitt eige adventsmagasin og lét følgjarane avgjere framsida. Dei fekk velje mellom eit rotete barnerom og eit pent og pynteleg motiv. Barnerommet vann suverent, fortel Øyre og ler.

Gullkanta varer

Å dele glimt frå kvardagen på internett har blitt eit levebrød for Mariell. I eit rosa trehus i Lærdal gjer ho god butikk av sitt kreative univers.

– Konseptet til butikken er at me skal vere litt gullkanta. Det skal ikkje vere forbeholdt folk som bur i by å få tak i veldig god marsipan.

Då ho og ektemannen, Jostein, flytta frå London til Lærdal, blei butikksatsinga ein måte å vidareføre dei urbane vanane på.

– Det heile handla om å skape ein butikk som gjer at me sjølve vil bu her. Eg blir veldig glad når det kjem kundar frå England som kjenner att den britiske estetikken.

Størst på nett

Mellom ærverdige trehus lyser det einsamt frå vindauga til Fredag. På sommaren kryr det av tilreisande som vil oppleve bygda, men denne føremiddagen i november er det stille.

– Ein stadig større andel av handelen skjer via internett. Det er likevel viktig for oss å vere den vesle butikken, i den vesle bygda. Det skal vere lys i vindauga, ikkje berre eit lager.

Mariell måkar trappa før kveldens julearrangement på Fredag

ALLE KVINNER I ARBEID: Måking av trapp og rigging av juletre står først på agendaen for Mariell og Johanne i dag.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Trufaste følgjarar

Inn døra kjem mora, Alfhild, med stablar av brune esker, rett frå trykkeriet i nabokommunen. Ingen har bladd i dei enda, men vel 500 av dei 850 adventsmagasina ventar allereie på nye eigarar.

– Det er ein nesten uforståeleg tillit, men kundane stolar nok på korleis innhaldet opplevast. Det er laga av ein småbarnsforelder, til andre småbarnsforeldre. Eg trur ikkje folk vil sjå fleire perfekte julemagasin.

Mariell Øyre og mora Alfhild

RETT FRÅ TRYKKEN: Mariell og mora Alfhild beundrar dei nytrykte magasina, som kjem rett frå nabobygda Årdal.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Digitale bekjentskap

Som aktør i eit, til tider, pastellfarga bloggunivers har det vore viktig for Mariell og ektemannen å vere bevisste rundt innhaldet dei deler.

– Me diskuterer mykje kor realistisk me framstiller ting på nett. Motivasjonen vår er å vise ein kombinasjon av vår vanlege og oppheva kvardag.

– Mange føler kanskje at dei kjenner deg gjennom alt du deler i sosiale medium, men kor godt kjenner du dei på den andre sida av skjermen?

– Då eg sat og bestilte karamellar i går hadde eg to følgjarar i tankane. Eg baserer ofte innkjøpa på kjennskapen til enkeltkundar, både på nett og i lokalsamfunnet.

Juleførebuingar hos Fredag i Lærdal

DET GRØNE JULEROMMET: Førjulstida er viktig for den vesle butikken og i år satsar Mariell på eit eige julerom.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

For bryllaupssesongen 2020 er fotografen Mariell allereie fullbooka. Også her dukkar det opp digitalt bekjente.

– Eg ser namn på kundelista som eg hugsar at kjøpte magasin av meg for ti år sidan. Det er folk som har sett oss starta bedrift, flytte til London, flytte heim att og stifte familie. Dei dedikerte følgjarne er heile motoren i bedriftene mine.

Aldri A4

For Mariell og Jostein var det aldri eit alternativ å revurdere sine frilanskarrierer då dei to døtrene kom til verda for halvanna og drøyt tre år sidan. A4-livet har ikkje vore tema i den kreative heimen.

– Eg vil jobbe frå senga mi, frå bilen min, frå kvar som helst. Når folk spør meg kva eg driv med veit eg ikkje kva eg skal svare, for det er så variert. Det er nettopp denne fleksibiliteten som er så gøy.