Ho kan ikkje forstå at det skal vere naudsynt å ta livet av kattane. Ho meiner til liks med dyrevernsorganisasjonen NOAH i Sogn og Fjordane at kattane heller burde kastrerast og omplasserast.
Illustrasjonsfoto
- Stor plage
Arild Henjum i Leikanger kommune seier dette er eit dårleg alternativ for villkattar som aldri har budd innandørs. Han seier kommunen måtte gripe inn, for villkattane har vore til stor plage for dei som bur i bustadfeltet Leite på Leikanger.
Har avliva 15 kattar
Remjande kattar har vore overalt, og for to veker sidan starta kommunen kattejakta. Til no har dei fange og avliva 15 kattar, og vil halde fram til 19. april. - Kommunen driv ikkje dyreplageri, seier Henjum.