NRK Meny
Normal

Dyretransportbil køyrde i hel to kyr

Ingen personar kom til skade, men to kyr vart drepne då dei vart påkøyrde i Våtedalen i Gloppen i kveld.

Ulukke i Våtedalen

KØYRDE I HEL KYR: To kyr fekk eit ublidt møte med ein dyretransport i Våtedalen i Gloppen i kveld.

Foto: Magnus Reite-Bjellaas / NRK

Politiet melde om ulukka like etter klokka halv ni.

– Det er to kyr som er blitt påkøyrd. Dei er døde og vi har varsla eigar som er på veg, seier Sunniva Dybvik på operasjonssentralen i Florø.

Traileren er ikkje køyrbar etter samanstøyten og bilbergar vart varsla. Klokka 20.40 melder politiet at dei er på veg til staden.

Uhellet skjedde då kyrne kom springane ned ein skråning og inn i vegen framfor lastebilen.

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.