NRK Meny
Normal

Dyreeigarar strøymer til veterinæren som aldri før

NORDFJORDEID (NRK): Stadig fleire oppsøker veterinæren for behandling av dyra sine. I Eid utvidar dei dyreklinikken som følgje av stor etterspørsel.

Brede Seim

SIKRA ARBEID: Dyrlege Brede Seim er nyutdanna og i trygg jobb, for stadig fleire oppsøkjer veterinær med sine firbeinte venner. – Det er klart at til fleire som har dyr, til meir kan skje.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ved Eid Veterinærkontor er utviding og modernisering på trappene. Dei 10 veterinærane har hendene fulle og treng meir plass.

– Vi har stor etterspørsel, og så må vi svare på dei krava som vert stilt til utstyr og fasilitetar, seier dyrlege Brede Seim.

Dyrlegen vert nok ikkje arbeidsledig med det første. Nordmenn brukte i fjor ein halv milliard kroner på å forsikre kjæledyra sine, og mange endar opp hos dyrlegen.

Jamn auke i fleire tiår

Ifølgje Den norske veterinærforening aukar etterspurnaden etter veterinærtenester for kjæledyr kvart einaste år. President Torill Moseng seier mange i Norge har råd til å bruke pengar på kjæledyra sine.

– Dei fleste av oss som har kjæledyr, ser på det som eit familiemedlem og ønskjer best mogleg helse for dyra, seier Moseng.

Torill Moseng

STOR ETTERSPØRSEL: – Vi ser at etterspørselen aukar kvart einaste år, seier president Torill Moseng i Den norske veterinærforening.

Foto: NRK

I Sogndal er Gunnar Hofslundsengen inne i sitt 43. år som dyrlege. Pågangen frå kjæledyreigarar har aldri vore større, og oftare enn før er dyra forsikra.

– Eg trur rett og slett det er velstands-Norge. Folk har god tid til å ha dyr og dei steller dyra sine stort sett veldig godt.

– Er det ein risiko for overbehandling når dyreigaren via forsikring har råd til å behandle dyret?

– Ja, det trur eg faktisk. Vi ser at dyreeigarar forsikrar for alt mogleg, og det gjer forsikringane dyre etter kvart òg, seier Hofslundsengen.

Dyrlegen er positiv til at fleire dyr er forsikra. Moseng i Den norske veterinærforening meiner forsikring av dyr bidreg til betre dyrevelferd.

Er dyra sin talsperson

– All behandling skal bli gjort utifrå at det er det beste for dyret. Er dyret forsikra så har ein betre moglegheit til å avgjere det, heller enn å tenkje på om eg har råd eller ikkje, seier Moseng.

Også Moseng vedgår at med gode forsikringar er det ein fare for overbehandling.

– Det er klart at det kan det vere. Men veterinærar er forplikta å sjå til at dyra har det bra, uavhengig av eigar sitt ønskje. Når ein er glad i dyra kan det vere vanskeleg å sjå at det ikkje er til fordel for dyret å bli behandla vidare.

Ifølgje Moseng har det vore ei enorm utvikling innan smådyrmedisin siste åra, noko som gjer det enklare å stille rett diagnose, og unngå bortkasta og kanskje kostbar behandling.

– Desse moglegheitene kostar, og skal ein ha høve til å behandle dyra, så er det mykje enklare viss ein er forsikra, seier Moseng.

Vegopning på Bergum i Førde kommune