Hopp til innhold

Dyrebeskyttelsen takkar Birgitte (24) som døydde av rabies

– Ho var ein sann dyreven, seier Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Birgitte Kallestad

ENGASJEMENT FOR DYR: Birgitte Kallestad var ein dyreven som sette spor etter seg, seier Dyrebeskyttelsen. Familien har bede om gåver til Dyrebeskyttelsen i hennar minne.

Foto: Privat

– Birgitte var ikkje vanskeleg å be om ein trong hjelp til noko, seier Anne-Johanne Bjordal i Dyrebeskyttelsen.

Dyrebeskyttelsen i fylket gjekk i dag ut med ei melding på deira Facebook-side og takka Kallestad for innsatsen ho la ned for dyra. I 2018 vart ho fôrvert for organisasjonen.

Bjordal er nestleiar i avdelinga i Sogn og Fjordane. Ho fortel at dyreengasjementet til Kallestad var stort.

Ho stilte opp for kattar, og hadde dei i heimen sin før dei skulle adopterast av andre, seier Bjordal.

Meldinga om at ein pasient var smitta med rabies ved Førde sentralsjukehus kom for dryge to veker sidan. To dagar seinare kom beskjeden om at Kallestad døydde av sjukdomen, 24 år gamal.

Det var under ein ferie på Filippinane ho vart smitta av sjukdomen. Kallestad var svært glad i dyr og fekk rabiessmitten frå ein kvalp ho fann i vegkanten.

Ho vart gravlagd frå Foldnes kyrkje i Fjell, heimkommunen hennar.

Familien uttalte at Kallestad var ein dyreelskar, og at dei fryktar at det same skal skje med andre som har eit like varmt hjarte.

– Familien føler dei har fått gitt eit riktig bilete av Birgitte og det mennesket ho er, sa talsperson for familien, Jens Eikås.

Dyrebeskyttelsen

DYREVEN: Slik takkar Dyrebeskyttelsen Birgitte Kallestad.

Foto: SKJERMDUMP/ FACEBOOK

Donasjonar i hennar minne

I dødsannonsen skreiv familien at ei gåve til Dyrebeskyttelsen er like kjært som blomar.

– Vi bøyer oss i støvet. Vi set utruleg stor pris på det, seier Bjordal.

Særleg no føre sommaren vil slike gåver kome godt med, og Dyrebeskyttelsen seier at alle donasjonar i Birgitte sitt minne vil bli brukt til direkte arbeid med dyr i naud.

– Det er høgsesong for oss. Det kjem spesielt mykje kattungar no som treng hjelp. Dette kjem til å hjelpe mange dyr, noko som eg trur hadde gleda Birgitte veldig, seier Bjordal, og held fram:

– Utan personar med eit sånn engasjement som ho, så hadde ikkje vi kunna gjere den jobben vi gjer.