Da blir grensa for å stå i registeret heva frå ein omsetnad på 30.000 kroner i året til 50.000 kroner. Det betyr at 850 av 12.000 sjølvstendig næringsdrivande her i fylket no blir sletta frå registeret. Nesten alle desse 850 er småbrukarar – dei fleste sauebønder. Det er om lag 5.000 bønder i momsregisteret, og dette betyr at nesten 20 % av dei no blir sletta frå registeret.
Blir færre småbrukarar
Leiar Jostein Kvåle i Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag fryktar at dette fører til at det blir færre småbrukarar.
– Dette inneber at det blir vanskeleg og dyrt å ta investeringar på bruka, og det fører til at mange legg ned gardsdrifta si, seier Kvåle.
Dårleg informasjon
Avdelingssjef Dag Svanevik ved fylkesskattekontoret vedgår at informasjonen til bøndene har kome seint.
– Det har ikkje vore nokon aktiv informasjon om endringa av denne grensa, og reaksjonane vi har fått tyder på at dette ikkje har vore kjent, seier Svanevik.