Snart blir dette dyrare (Foto:NRK)
Trafikklærar Asgeir Støylen frå Sandane reknar med at dei som startar opplæring etter nyttår får tre-fire timar meir.
Meir blir obligatorisk
Det som er nytt, er at ein del av opplæringa som før var friviljug, no blir obligatorisk. Men i praksis har alle hatt denne opplæringa tidlegare òg.
- Det har kome inn obligatoriske rettleiingstimar under kvar modul i opplæringa, som betyr at vi skal bli samde med elevane om at vi godkjenner dei for vidare opplæring, fortel Asgeir Støylen.
Omlag 1500 kroner dyrare
Det trafikale grunnkurset på 17 timar som alle må ha, har alt vore obligatorisk ei stund. Dei som slepp unna dei nye reglane, er dei som starta opplæringa i år, og som kan ta førarkortet før 1. januar 2006. Dei som startar opplæringa over nyttår må ta 3-4 timar meir enn dei som allereie har byrja.
Med ein timepris på 450 kroner, skulle det bli rundt 1500 kroner dyrare enn tidlegare.