- Me likar ikkje dette, for det fører til større utgifter når vi må permittere. Det seier administrerande direktør Odd Rune Turvoll i Fresvik Produkt.
Lengre permitteringar
Bedrifta i Fresvik lagar mellom anna element til kjøle- og fryserom, og har store svingingar i aktiviteten. Akkurat no går det godt, men dei 42 tilsette var permitterte i to månader frå midten av mai til midten av juli. Turvoll reknar med at når dei no må betale løna i dobbelt så mange dagar, så blir permitteringane meir langvarige.
Unntak for fiskeindustrien
Den raudgrøne regjeringa har kopiert framlegget om at bedriftene skal betale løn i ti dagar i permitteringstida frå Bondevik-regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. For tida går det meste av næringslivet godt, og fiskeindustrien er unnateke frå desse reglane om å betale løn i permisjonstida.
Færre tilsette
Men for Fresvik Produkt kan det godt hende det blir nødvendig å permittere til våren igjen. Og med dei nye reglane vil bedrifta vere meir varsam med å tilsette fleire no når det går godt.
- Vi vil prøve å ta toppane med færre tilsette for å unngå permitteringar på andre tidspunkt. Dette må vi gjere for å unngå kostnader som vi må ta sjølve. Så vi vil nok bli meir forsiktige når vi skal vurdere fleire tilsette, seier han.