NRK Meny
Normal

Dei får ikkje tak over hovudet etter konkurs

Dyra må gå ute etter at byggselskapet Nordfjord bygg gjekk konkurs. Fleire fjøsar står halvferdige.

Kyr i snødrev

STÅR UTE I SNØDREV: Kyrne får ikkje tak over hovudet før fjøset blir ferdig. Men byggfirma er konkurs og ingen veit kva tid buet blir frigitt.

Foto: Privat

– Vi står her med ein halvferdig fjøs og vi har rundt 30 dyr som må stå ute i snøen og ventar på å få komme inn, fortel bonde John Geir Sperle i Jostedalen i Luster.

Nordfjord bygg hadde 40 tilsette som mista jobben. I heile landet står byggeprosjekt stille. Dette er i hovudsak fjøsar som Nordfjord bygg bygger i samarbeid med Felleskjøpet.

John Geir Sperrle

KRITISK: John Geir Sperle i Jostedalen seier det er kritisk for dyra. Snart skal dyra kalve.

Foto: Privat

– Får ikkje gjort noko

Sperle mista fjøsen sin i brann i januar i fjor, målet var å få i gang att produksjonen snart, men no er det ny krise.

– Inntil bustyrar har frigitt buet så får vi ikkje gjort noko. Så det er ein veldig lei og kritisk situasjon der vi er botne på hender og føter. Vi prøvar å ta vare på dyra, og dei har tak å gå under. Men det nærmar seg kalving og drar dette ut i tid, så må vi avvikle på nytt. Då misser vi eit heilt års produksjon på nytt.

Dyra må vere ute i snøen

MÅ VERE UTE: Kyrne har knapt tak over hovudet etter konkursen.

Foto: Privat

Felleskjøpet Agri opplyser at 34 bønder i heile landet er direkte påverka av konkursen. For sju av desse er stoda kritisk i høve til å få i gang produksjonen på gardane, 4 av desse held til i Sogn og Fjordane.

– Dei har alle avtaler med Nordfjord bygg, og vi har fått kartlagt kor langt dei har komme slik at dei kan rette krav til bedrifta, vi prøvar å hjelpe det vi kan, seier Gro Tvedt Arnesen i Felleskjøpet.

Fleire bønder NRK har vore i kontakt med veit ikkje kva tid dei kan kome i gang att med byggearbeidet, eller kva forseinkingar og skifte av entreprenør kan kome til å koste.

Stort bu med store krav

Bustyrar til Nordfjord bygg, Klaus Iversen, seier det er krav i buet på i alt 45 millionar kroner, medan det er bokført verdiar for 35 millionar.

Uferdig fjøs

UFERDIG FJØS: Fjøset står uferdig. No ventar bonden på at buet blir frigitt.

Foto: Privat

– Dette er eit stor konkursbu. Det er mange prosjekt rundt i landet. Nokre av dei er i ein kritisk fase, seier Iversen som ikkje veit kva tid det kan komme ei løysing.

Planen til Sperrle var å ta vare på ungdyra slik at ein raskt fekk i gang att produksjonen, men planen heng i ein tynn tråd. Ny entreprenør er på handa, men fyrst må dei sleppe til på tomta.

– Vi er heilt avhengige av at bustyrar frigjer buet. Det har ikkje skjedd noko den siste veka, seier Sperle.

Dyra må vere ute i snøen

FRISK FRUKOST: Kyrne har knapt tak over hovudet etter at byggfirma gjekk konkurs. I snøkaven må dyra vere ute.

Foto: Privat

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser