Hopp til innhold

Sparkinga kan ha kosta Flora ein halv million kroner

Oppseiinga av Jacob Nødseth som ordførar Bengt Solheim-Olsen sin rådgjevar, viser seg å koste Flora kommune dyrt.

Jacob Nødseth
Foto: Bård Siem / NRK

Jacob Nødseth fekk i fjor haust sparken som ordførar Bengt Solheim-Olsen sin rådgjevar. Ifølgje Firda får han meir enn 250.000 kroner i sluttpakke og dekt alle sine utgifter til juridisk bistand.

Nødseth hadde ei 35 prosents stilling som politisk rådgjevar, med ei løn på 170.000 kroner i året.

– Formannskapet har ikkje vore orientert over sluttpakken, berre fått ei orientering. Men det er ein dyr avtale viss alle formelle sider ved oppseiinga var i orden, seier formannskapsmedlem Bente Frøyen Steindal (Ap) til avisa.

Hadde ikkje tillit

Sildebordet i Florø 2012 - ordførar Bengt Solheim-Olsen

ORDFØRAR: Bengt Solheim-Olsen under Sildebordet i 2012.

Foto: Truls Kleiven

Verken Nødseth eller Solheim-Olsen har tidlegare ville kommentere sluttavtalen dei vart samde om i mars. I utgangspunktet skulle han fungere som rådgjevar til etter lokalvalet i 2015. Men arbeidsforholdet vart langt kortare enn tiltenkt.

Nødseth har vore sjukmeld i store delar av tida etter valet i 2011. Etter ein periode med uro kring hans person, fekk Nødseth altså sparken i fjor haust .

– Eit slikt engasjement opp mot ordførar er totalt avhengige av full tillit. Det meiner eg ikkje er til stades i dag, og difor ynskjer eg på ein måte å avslutte dette engasjementet som han har som politisk rådgjevar, sa ordføraren.

Orientert i lukka møte

Partane har halde både tilsetjingsavtale og sluttavtale tett til brystet. Først etter oppseiinga fekk resten av det politiske miljøet lese innhaldet i tilsetjingsavtalen i media.

I eit lukka møte vart formannskapet orientert om sluttavtalen. Overfor Firda stadfestar fleire formannskapsmedlemer at oppseiinga samla vil koste kommunen nærare ein halv million kroner.