Hopp til innhold

Dyr opprydding i Sløvåg

Rydding og gjenoppbygging etter Vest Tank-eksplosjonen har kosta Alexela Sløvåg AS over 280 millionar kroner.

Eksplosjon Sløvåg

Vest Tank-eksplosjonen har kosta Alexela Sløvåg dyrt.

Foto: Kåre Ness

Samla underskot dei siste to åra er på 184 millionar kronser. Det skriv Bergens Tidende i dag.

Alexela Sløvåg overtok anlegget i Sløvåg, like før ulukka i 2007, der to tankar med giftig avfall eksploderte.

Ombygging til 160 mill.

Sidan då har opprydding, tømming av tankar med farleg avfall og ombygging av anlegget til ein oljeterminal kosta selskapet dyrt.

Ombygginga av anlegget har per april i år kosta 160 millionar kroner, medan tømming av tankar som ikkje eksploderte av avfallsbehandlinga har kosta 81 millionar kroner.

Opprydding på anlegge har ifølgje avisa kosta 24 millionar kroner, og gjenoppbygging av tankar og anna utstyr har fått ein prislapp på 22 millionar kroner. Sistnemde skulle i utgangspunktet dekkast av forsikringar.

Opnar i slutten av året

Vi har brukt forferdeleg mange millionar kroner på dette, seier dagleg leiar Håkon Ivarson i Alexela Sløvåg til Bergens Tidende.

Det er venta at den nye oljeterminalen skal opne før året er slutt.

Sløvåg

Vest Tank-anlegget i Sløvåg.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK