Hopp til innhold

Dyr opplæring på vogntog

Eit utanlandsk selskap må ut med 46.150 kroner i gebyr for overlass etter ein trafikkontroll på Håbakken i Lærdal i ettermiddag. Føraren hadde ikkje nok kunnskap om køyretøyet og køyrde med ein boggi oppe. I tillegg vart ein førar meld for 11.000 kilo dårleg sikra stålplater.