NRK Meny

Dyr køyretur dagen derpå

Ein sunnfjording i 20-åra la seg langflat då han for kort tid sidan møtte i Fjordane tingrett tiltalt for promillekøyring. Tidleg ein søndag ettermiddag i fjor haust vart mannen stoppa i politikontroll, og blodprøva teken kort tid etter viste at han hadde 0,51 i promille. Mannen har vedgått forholdet og gitt uttrykk for at han tek avstand frå promillekøyring. Han er dømd til fengsel i 14 dagar med ei prøvetid på to år. I tillegg må sunnfjordingen betale 60.000 kroner i bot og vere utan førarkort i 12 månader.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.