Hopp til innhold

Dyr halvmeter for promillekøyrar

Mannen i 40-åra starta bilen, men gløymde clutchen. Bilen hoppa ein halvmeter framover - det kosta han både dyrt og lappen.

Episoden fann stad i Nordfjord i februar i år.

1,94 i promille

At mannen hadde konsumert store mengder alkohol var det liten tvil om. Det var heller ikkje tvil om at det var han som sat bak rattet då bilen hans flytta seg ein halv meter.

For mannen gløymde å trykke inn clutchen då han vridde nøkkelen. Bilen hoppa ein halv meter framover, før han rusa bilen. Blodprøve teken 40 minutt etter hendinga, viste ein promille på 1,94.

Kunne gått verre

For Fjordane tingrett betydde køyrelengda fint lite. Føremålet med lova er å verne mot den faren som promillekøyring kan representere. For episoden var til fare både for bilisten og andre personar. Bilen kunne til dømes gått bakover, eller kunne gått lenger fram og treffe eit gjerde.

Retten dømde mannen til fengsel i 14 dagar med to års prøvetid. Han må også betale 10 000 kroner i bot, og klare seg utan førarkort i eitt år.