Hopp til innhold

Dyr bensin - likevel færre dieselbilar

For tida er bensin meir enn to kroner dyrare for literen enn diesel. Likevel blir det selt færre og færre dieselbilar.

Stein Vidar Vie

TRE AV FIRE BILAR MED BENSINMOTOR: Avdelingsleiar Stein Vidar Vie på Toyota Nordfjord og Førde konstaterer at dei sel stadig færre dieselbilar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I første halvår i fjor var 48,5 prosent av nybilsalet i Norge dieselbilar, i første halvår i år har det kome ned i 42,1 prosent, viser tal frå Opplysningskontoret for veitrafikken.

Det er ikkje mange år sidan rundt åtte av ti selde personbilar hadde dieselmotor, men no har trenden snudd, trass i at diesel aldri har vore billegare samanlikna med bensin.

Klarast er utviklinga hos Toyota. Dette bilmerket har satsa mykje på hybridbilar dei siste åra, ein kombinasjon av bensinmotor og batteri som blir lada under køyringa.

Bensin- og dieselpris

STOR PRISSKILNAD: Torsdag var blyfri bensin to kroner og 15 øre dyrare enn diesel i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Kraftig nedgang

Avdelingsleiar Stein Vidar Vie i Toyota Nordfjord og Førde seier det er blitt stadig lengre mellom kvar dieselbil dei sel.

– Vi har hatt ei utvikling over tid, no har vi fått stadig fleire modellar med hybriddrift. I 2012 hadde vi ein dieselandel på 78,5 prosent, no er vi nede i 23,7 prosent til no i år.

Vie har inntrykk at andre bilmerke har same utviklinga, om ikkje så markant som Toyota.

– Vi ser at det blir selt stadig færre dieselbilar på landsbasis.

Stein Vidar Vie

- HYDROGREN ER FRAMTIDA: Stein Vidar Vie.

Foto: Kjell Arvid Vie / NRK

– Miljø er blitt viktigare

Han trur bilkjøparane er blitt mykje meir miljømedvitne enn før.

– Heilt klart. Folk er mykje meir opptekne av miljøet. Bilane våre har miljømerking, og vi merkar at kundane ser mykje på det.

I ein del større byar har det vore diskutert om dei skal forby dieselbilar. Dette har nok og vore medverkande til at mange no vel bensindrift. Dette står i skarp kontrast til det som skjedde frå 2006 og nokre år framover. Då vart folk oppmuntra til å kjøpe dieselbilar - av miljøomsyn. No er det fy-fy.

– Hydrogen er framtida

Stein Vidar Vie trur at det i den nærmaste framtida vil bli selt stadig fleire hybridbilar, men på lengre sikt trur han det vil handle om hydrogen og brenselcelledrift.

– Det er framtida. Då har du kraftverket med deg, og du slepp å dra på tunge batteri. Eg håpar vi får den første hydrogenbilen til Norge i 2016.

I første halvår i år var 11,6 prosent av dei nye personbilane i Norge hybridbilar, ein auke på vel 54 prosent frå same perioden i fjor. Men reine elbilar blir det og selt stadig fleire av. I juni var 18,4 prosent av alle nye personbilar i Norge elbilar.

Knut Hilmar Hansen

- TO ULIKE PRODUKT: Pressekontakt Knut Hilmar Hansen i Statoil.

Foto: Johnny Syversen

Bensin og diesel - to ulike produkt

Og så tilbake til spørsmålet mange eigarar av bensindrivne bilar stiller: Kvifor er dieselen så mykje billegare enn bensin no?

Pressekontakt Knut Hilmar Hansen i Statoil forklarar det med at diesel og bensin er to heilt ulike produkt.

– Diesel er eit destillat som blir framstilt omtrent på same måten som fyringsolje, medan bensin er eit raffinert produkt. Dei blir prissett på to ulike måtar, og prisen er og avhengig av konkurranse i marknaden.