Dykkarutstyr for fleire hundre tusen forsvann – no er tidlegare tilsett sikta

Austeuropearen vart pågripen på sjølvaste nasjonaldagen på Gardermoen.

Nils Bakke

AVHØYRT: – Så langt meiner vi det er tale om eitt enkeltståande tilfelle, men politiet jobbar med å få oversikt over alt utstyret som var i bilen, seier tenestestadsleiar Nils Bakke i Vågsøy.

Foto: Eva Westvik / NRK

Politiet meiner mannen i 40-åra var på veg til Noreg for å hente fleire ting som han hadde stole frå sin tidlegare arbeidsgjevar.

– Det er snakk om ganske store verdiar. Vi har førebels ikkje full oversikt, men meiner det er tale om utstyr for nokre hundre tusen kroner, seier tenestestadsleiar Nils Bakke i Vågsøy.

Var tilsett i verksemda

Mannen var inntil nyleg tilsett hos Frøy Vest, ei dykkarverksemd i Vågsøy som tilbyr tenester til oppdrettsnæringa. Det er frå denne verksemda at politiet meiner mannen stal dykkarutstyret.

Mannen vart i går fengsla i fire veker, der to veker er med brev- og besøksforbod.

– Han erkjenner at han har tatt ein del utstyr, men sagt noko anna om kva han skulle bruke det til, seier Bakke.

Skulle leige ut utstyret

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå mannen sin forsvarar, men ifølgje rettsavgjerda nektar mannen for å ha stole noko. Han hevdar derimot at utstyret skulle leigast vekk til eit firma heimlandet.

– At han berre hadde lånt dette utstyret for å leige det ut til eit firma (....), som skulle bruke det i samband med eit anbod, for så å frakte det tilbake til Noreg, står fram som oppkonstruert og lite truverdig, skriv tingretten.

Frøy Vest ynskjer ikkje å kommentere saka.

– Verksemda har ikkje godkjent noko utlån av utstyr til andre. Dei har meldt tjuveriet, men har førebels ikkje oversikt over kor mykje som er vekke, seier Bakke.

Skulle hente bil

Saka byrja å rulle då ein bil vart stogga på Sunnmøre for ei god veke sidan. I denne bilen fann politiet utstyr frå dykkarverksemda. Mennene i bilen vart sette fri etter avhøyr.

– Vi nøsta i det og etterlyste personen som mest truleg har gjort dette, seier Bakke.

Tips i saka førte til at ein austeuropeisk bil med tilhengar vart stoppa på Elverum. Bilen tilhøyrer den sikta, men han var ikkje med i bilen.

– Han vart pågripen etter tips då han kom med fly frå utlandet. Ein til er sikta, men slik det ser ut no, har han ei meir perifer rolle, seier Bakke.

Disponerte to bilar

Politiet meiner den sikta kom tilbake til Noreg for å køyre bilen ut av landet. I bilen fann politiet både dykkarutstyr og ei rekkje ting som dei prøver å finne ut om er tjuvegods. Mellom anna eit verktøyskap frå verksemda.

Mannen nektar for kjennskap til skapet.

Mannen har disponert to bilar. Den andre bilen er førebels ikkje funnen. Verksemda er no i full gang med å få oversikt over kor mykje utstyr som er borte.