Hopp til innhold

Dvergsdal: - Ikkje Soria Moria-brot

Nedlegging av føde- og ortopeditilbodet i Eid og Lærdal er ikkje brot på Soria Moria-erklæringa.

Gerd Dvergsdal, ordførar i Jølster.

RØYSTER FOR: - Eg ynskjer eit sterkt sentralsjukehus, og merkar meg også at det er vanskeleg å finne ein definisjon på kva som er sterke og tenlege sjukehus, seier medlem i Helse Vest-styret, Gerd Dvergsdal.

Foto: Brynjar Solheim / NRK

Det meiner senterpartiordføraren i Jølster, Gerd Dvergsdal, som også er styremedlem i Helse Vest. Ho har dermed same forståing av regjeringserklæringa som Tor Bremer (Ap).

I dag skal styret i Helse Vest avgjere kva tilbod som skal kuttast ved lokalsjukehusa i fylket.

- Eg klarer ikkje sjå det. For det står også klart at at det ikkje er sikkert at alle lokalsjukehusa skal ha desse tenestene, seier ho.

Går imot sine eigne

Det er stor spenning i store delar av Sogn og Fjordane i dag når styret i Helse Vest skal avgjere lagnaden til føde- og ortopeditilbodet i Eid og Lærdal.

Både styret i Helse Førde og administrasjonen i Helse Vest går inn for nedlegging. Det meste tyder på at tilrådinga vil få fleirtal. Til firda.no seier Dvergsdal at ho vil røyste for innstillinga.

Til NRK stadfestar ho at det vil vere å gå imot sitt eige parti.

- Det er eg kjend med at det er.

- Det same som nedlegging

Professor i offentleg økonomi, Bjarne Jensen, meiner nedlegging av føde- og ortopeditilbodet i Eid og Lærdal er det same som å leggje ned lokalsjukehusa.

- Fordi at eit sjukehus er definert med utgangspunkt i visse funksjonar. Og det er klart at når ein har vald å ha ein desentralisert sjukehusstruktur i Norge, så er det for at innbyggjarane skal ha nærleik til akuttfunksjonar og fødetilboda.