Hopp til innhold

Duo har funne nisje i filmharsellas

Duoen Christer Larsen (24) frå Grimstad og Stian Hafstad (27) frå Førde gjer stor suksess med filmparodiar på internett.

Stian Hafstad

POPULÆRE: Stian Hafstad (t.v.) og filmskaparkollega Christer Larsen sin siste produksjon, «Titanic SUPER 3D», blir delt i hopetal på Facebook og Twitter.

Foto: Privat

På berre to døgn har karane bak youtube-kanalen «Pistolshrimps» fått over fem millionar treff på deira siste parodi, «Titanic SUPER 3D».

Dei trur ikkje toppen er nådd endå.

– Ofte stoppar det heilt plutseleg. Toppen kan kome veldig fort. Men den rundar nok i alle fall seks millionar treff. Kanskje sju, trur ein nøgd Christer Larsen overfor VG Nett.

53 millionar treff

Kameratane starta samarbeidet i 2008 medan dei begge studerte i Bergen. Etter at dei oppretta youtube-kanalen har filmsnuttane deira fått over 53 millionar treff.

Stian Hafstad (t.v.) og Harry Potter

HARRY: Stian Hafstad som «skodespelar» i Harry Potter.

Foto: Frå YouTube

Her har sjåarane humra seg gjennom parodiar på mellom anna «Harry Potter», «Lord of the Rings» og det populære dataspelet «The Legend of Zelda».

No har duoen klypt seg inn i traileren til James Cameron sin nye film, «Titanic 3D». Parodien har gått sin sigersdans på internett.

– Ja, vi vart glade då vi såg den skulle komme, ler Larsen til nettavisa.

– Vår nisje

Pistolshrimps

SKOTNE: I parodien blir Stian Hafstad skoten i kinosetet.

Foto: Skjermdump Pistolshrimps

– Det ligg veldig mykje arbeid bak ein video, så det er strålande å sjå at menneske frå heile verda likar den. Dette er vår nisje, legg Larsen til. Sjølv arbeider han for eit produksjonsselskap i Bergen, medan sunnfjordingen Hafstad studerer film i New York.

Det inneber langtidsplanlegging når dei først får høve til å filme i sommar- og vinterferiar. Etter saumfaring av kinolistene vel dei seg ut filmprosjekt som dei filmar for eit halvt år fram i tida.

I deira siste produksjon blir dei mellom anna skotne i kinosetet og får spyttklysa til Kate Winslet i ansiktet.

Harselerer med regissørar

Gjennom overdriven bruk av filmeffektar ironiserer dei med store regissørnamn som JJ Abrams, George Lucas og Michael Bay.

Scene frå «Titanic SUPER 3D».

OVERDRIVEN: Christer Larsen og Stian Hafstad har overdrive effektbruken i filmparodien «Titanic SUPER 3D».

Foto: Skjermdump Pistolshrimps

Duoen med over 140.000 abonnentar på youtube-kanalen, er ikkje redde for å hisse på seg storheitane.

– Nei, dette fortener dei. Vi gjer litt narr av dei og gir dei eit spark som betyr at ikkje alt handlar om effektar, seier Larsen humoristisk til VG Nett.

100 år sidan katastrofen

15. april er det 100 år sidan ein av dei største og mest kjende maritime katastrofar i fredstid, Titanic-forliset .

Mellom 1.350 og 1.512 personar omkom – og berre 705 personar overlevde – då det britiske passasjerskipet rende på eit isfjell og forliste på jomfruturen frå Southampton til New York.