Hopp til innhold

Duka for familieklubb i kommunestyret til Kinn

VÅGSØY (NRK): Tre av fire medlemmar i kommunestyregruppa til partiet Rødt i Kinn kjem frå ein og same familie.

FRUKOST: Familien Oldeide delte frukosten med lyttarane av NRK Sogn og Fjordane si morgonsending. F.v. Geir Oldeide, Sunniva Oldeide og Daniel Henriksson.

Det kan fort gå ei kule heitt for familien Oldeide rundt middagsbordet. For med tre familiemedlemmar i kommunestyregruppa, går familien frå Vågsøy sjeldan tom for noko å snakke om.

– Eg tenkjer det hadde vore verre visst det sat folk i Frp eller Høgre i denne familien og skulle vere med på familiemiddagen, spøker Geir Oldeide.

Saman med dotter Sunniva Oldeide og svigerson Daniel Henriksson, er han inne i kommunestyret i nye Kinn kommune. I tillegg er bror og eldstedotter inne på varalista. Pappa Geir meiner at det har vore fokuset på å bidra i samfunnet, som har gjort at familien har klart å fostre eit det brennande engasjement for politikken.

Familien Oldeide skal inn i kommunestyret

SUKSESS: Familien Oldeide frå Vågsøy sine representantar i kommunestyret. Frå venstre: Sunniva Oldeide, Geir Oldeide og Daniel Henriksson.

Foto: Artur Do Carmo / NRK

– Me ynskjer å ha samfunnsbevisste ungar etter kvart som dei veks opp. Så får dei ta sine eigne val etter kvart. Det har me hatt som ei rettesnor for oppdraginga, seier han.

– Uproblematisk

Etter å ha sikra seg i overkant av 20 prosent oppslutnad i heimkommunen Vågsøy, vil familien Oldeide vere godt representert i det kommunestyret i nye Kinn. Dotter Sunniva fortel at tilbakemeldingane frå valet stort sett har vore positive.

– Det har vore masse, masse reaksjonar. Eg tullar litt med folk om at eg ikkje var heilt heldig kanskje, som ikkje får fri frå familien. Men alt i alt verker det som at folk er godt nøgd, seier ho.

Redaktør Erling Wåge i lokalavisa Fjordenes Tidende, meiner det ikkje er eit problem at ein familie dominerer partiet.

Erling Wåge, redaktør i Fjordenes Tidende

POSITIV: Erling Wåge, redaktør i Fjordenes Tidende.

Foto: Artur Do Carmo / NRK

– Eg trur dei er genuint opptatt av å gjere ein god jobb, og dei er veldig engasjerte. Om dei er i familie eller ikkje familie, trur eg ikkje er det aller viktigaste for folk, seier han.

Hjartebank

Under valet gjorde Sunniva Oldeide eit byks frå siste plass på lista, og gjekk rett inn i kommunestyret. Ho erkjenner at ho er litt spent på utfordringane ho vil møte, når ho no skal setje i gang i si første periode nokosinne.

Sunniva Oldeide skal inn i kommunestyret for første gong.

SPENT: Sunniva Oldeide vil vere i godt selskap, når skal inn i kommunestyret for første gong.

Foto: Artur Do Carmo / NRK

– Eg får sikker litt hjartebank første gongen eg skal tale, men heldigvis er eg ikkje så redd for å snakke framfor folk.